LOL
Lots of love
expressive? Yes.
Love.
Eg er eit dyr
Som ikkje finn stallen sin
Mager kropp med flekkete pels og bustete hale
Galopp mot havet
Forbi skyskraparane og inn i skogen
av leidningar
Eg heng fast
Kjem ikkje bort
Eg vrinskar og riv og hiver meg i alle retningar
Men eg kjem ikkje bort
frå dei elektriske straumane
som lagar arr og kjøttsår på kroppen min
Finst ingen vei bort
Eg vil ned til havet
Symja, unngå straumane
Vaska meg rein
Spisa blåbær og lyng
Alle vinduago ser på meg
Store og blanke pupillar utan farge
No kjem dei nærare og eg set inn mine siste kreftar
Før dolken skyt inn i brystet mitt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar